Dagverd

Velkomen til heimesida vår! Her kann du få avisi vår gratis.

Om heimesida

Me hev no laga ei heimeside på denne verdsveven etter intens klaging frå veldig få.

Me trur ikkje den store lesarskaren finst på den sokalla verdsveven, og berre dei få med nettoppkopling og eit sært ynskje om å lesa tekst på flimrande katoderøyrskjermar vil taka i bruk slikt. Me vil gjerne ha andre lesarar enn gamle gubbar på universiteta, og difor satsar me ikkje på veven.

Heldigvis hev bunadsandsvarleg lært seg det som finst av slike nymotens vevteknologiar for å få ut denne strålande heimesida. Me er stornøgd med resultatet.

Artiklar kjem kannhenda ut ein gong når me hev tid, iallfall ikkje på denne sida av nyttår. Truleg aldri.

Les bladet

Frykt ikkje, fyrr kunne du her få tilsendt bladet, men me har ikkje fleire att.

Me har lasta opp ein sokalla PDF slik at du kann skriva det ut heime på usexy ikkje-avispapir. Dagverd 2011-01 på PDF (30MB)

Skriv i Dagverd!

Vil du skriva i Dagverd? Me treng fleire bladskrivarar til skrivesyslar av all sort.

Det er likt til at du må vera kvass i hovudet og syrleg og sarkastisk i lynne.

Vend deg til Studentmållagskontoret for meir informasjon. smib krøll nynorsk.no.